Norsk Fjordhestsenter
Norsk Fjordhestsenter
Om fjordhesten
Aktiviteter
Fjellturer
Hytteutleie
Kurs/Rideskole
Rideleir
Semin
Utstillinger
Lenkjer
Kontakt
Hovedsiden

 
 



20.01.2011
Rideleir 2011
Rideleir ved Norsk Fjordhestsenter sommaren 2011:

Leir 1: veke 25 19.-24. juni
Leir 2 veke 26 26.juni - 01.juli
Leir 3: veke 27 03.-08.juli

Pris: Kr. 3.600,-
Som inkluderer overnatting, 3 daglige måltider, kursavgift, voksne ledere 24 t. døgnet.
Undervisning formiddag og ettermiddag i ridehall / utebane. Riding i terrenget. Aktiviteter på kveldene.




01.03.2010
Presentasjon av seminhingstene 2010
Her kan du laste ned en presentasjon av årets seminhingster.

Dokumentet er i pdf-format, og er på 5,54 MB (tar lang tid å laste ned). Høyreklikk på bildet og velg "lagre som" eller "lagre lenke som":





28.02.2010
Referat frå tur til USA januar 2010
Norsk Fjordhestsenter har eit godt samarbeid med fjordhestmiljøet i USA. Ein har gjennom mange år hatt kontakt med Phillp Odden om samarbeid og eksport av frosen sæd. I desember i fjor vart det eksportert 17 doser av hingstane Pera Krossen og Uno. I August 2009 hadde vi besøk av ei gruppe på ca. 30 personar frå USA på Norsk Fjordhestsenter. Mange av dei hadde fjordhest, og vi fekk nye kontakter som vi har kontakt med.

I prosjektet Fjordhestsemin 2010 har ein i marknadsføringsdelen hatt presentasjon av tilbodet ved seminstasjonen til USA som eit av tiltaka. Nye kontaktar med fjordhestoppdrettarar i USA har gjort at prosjektgruppa beståande av Karl Vie, Jostein Vonheim ,Torbjørn Nes Hjelle og Asle Espe vart invitert til å delta på utdanningsforumet og årsmøtet til Norwegian Fjordhorse Registry i Washington D.C.

Farmbesøk hos Curtis Pierce.

Curtis Pearce er sekretær i den Amerikanske Fjordhestforeninga, og han henta oss ved hotellet torsdag den 14. Januar. Turen frå Washington D.C. til farmen tok 2 timar i bil og gjekk gjennom variert landskap på gode motorvegar. Etter omvisning og lunch på farmen, såg vi på fjordhestane som var tre hingstar, hopper og ungdyr. Hingstane var Ulend, ein grå son etter Erlend og ein raudblakke Wynn etter Fløtren og ein ulsblakk hingst som heitte Bayshore Simen. Hestane gjekk ute heile døgnet på store inngjerda område med opne hus, der hestane kunne søke ly for dårleg vær. Alle hestane vart nøye vurdert og fekk sine kommentarar sett med norske auge. Den hoppa vi likte best var ei ulsblakk hoppe med den norske hingsten Modellen i stamma. Curt Pearse har bestemt seg for å inseminere ho med Perakrossen.

Med på turen var og presidenten Dan Watanabe i den Amerikanske Fjordhestforeninga og kona Solveig , og begge imponerte med sine kunnskap om fjordhestslekter.

UTDANNINGSFORUMET OG ÅRSMØTET TIL NFHR:

Utdanningsforumet kan samanliknast med vårt eige haustmøte i Norges Fjordhestlag, og samlar om lag 100 fjordhestoppdrettarar frå heile USA og Canada. Programmet for forumet var variert og var om blant anna dressurkøyring, farge genetikk, foring, inseminering, norsk og tysk avlspresentasjon og div. emne om helse. Det var og interessant å høyre foredraget til Pat Wolf frå Canada om temjing av hest.

Totalt fekk vi fire frå Norge 3 heile timar til disposisjon til å presentere norsk avl. Karl Vie orienterte om utviklinga i den norske fjordhestavlen frå eldre tider fram til i dag. Han synleg- gjorde korleis typen har forandra seg i forhold til kva fjordhesten har blitt brukt til, og viste at den typen vi avlar i dag er lik hingstane rundt 1900-talet som til dømes Njål og Kåre. Karl Vie informerte og om dei ulike fargane på fjordhest.

Jostein Vonheim orienterte om Norsk Fjordhestsenter, eigarforhold, drift, nasjonale og internasjonale oppgåver om hingsteutstillinga, utvida bruksprøve på Nordfjordeid.

Asle Espe orienterte om drifta ved seminstasjonen, prosjektet Fjordhestsemin 2010 og om hingstane vi har produsert frosen sæd av og dei vi skal ha i seminteneste 2010.

Torbjørn Nes Hjelle orienterte om det praktiske og tekniske rundt fersk- og frosen-sæd behandling og produksjon. Han informerte om prøvetakingsregime og om samarbeidet ein har med GENO.

Vi hadde møte med Phillp Odden som er importør av den frosne sæden av hingstane Uno og Perakrossen. Han informerte om erfaringane han hadde gjort med myndigheitene ved importen og kva ein må gjere forandringar på. Vi hadde gjennomgang av avtale ved sal av sæd og om oppbevaring hos veterinærklinikk i Wisconsin. Det ser ut til at dei dosane vi har sendt over er tinga på allereie. Phillp Odden var godt fornøgd med presentasjonen vår av dei fire norske hingstane Perakrossen, Uno, Terneprins og Torset blakken. Presentasjonen innheld opplysningar om stamme, bedømmelse, bruksprøver, bilder og resultat til avkom. Phillp hadde ynskje om at vi kunne tilby sæd av ein ulsblakk hingst til den amerikanske marknaden. Ulsblakk er ein populær farge i USA og den linja dei har ulsblakke hestar etter er frå dei norske hingstane Modellen og Montano. Dette er søner av 1.premie hoppa Modella etter Kviten under Monlaug.

Årsmøtet til NFHR var organisert på ein annan måte enn det vi forbinde med eit årsmøte i Norge. Når det gjeld val hadde det vore ein nominasjon i forkant av årsmøte, der dei med flest stemmer vart valt inn i styret til foreininga. Det var presentasjon av desse på møtet, og kva saker dei skal arbeide med og kva ansvarsområdet dei har. Ny formann etter Dan Watanabe vart Howard Fiedler, han har tidlegare vore formann i foreininga. H. Fiedler orienterte om statusen for føregåande år og kva planar som låg føre for 2010. Det var få innlegg frå årsmøtedeltakarane.

Ein god Norges venn er Phil Prichard og om kvelden inviterte han oss ut på middag, etterpå køyrde vi til Washington D.C. Her fekk vi sjå dei mest kjende bygga som The White House , Lincoln Monument og the Capital. På 80 – talet var Phil den som hadde ansvaret for the Big Lift, der om lag førti fjordingar blei eksporterte til USA frå Norge. Jon Hegdal var leiar i Norges Fjordhestlag på denne tida, og Phil fortalde kor viktig han var for samarbeidet mellom Norge og USA.

MINNESOTA.

Søndagen etter årsmøte blei vi inviterte til farmen til Debbie og Lute Ulrich i Minnesota. Avstandane i USA er store og for å nå dit tok vi fly frå Washington D.C. til Chicago og vidare til Wisconsin. Vi reiste i lag med Howard Fidler, leiaren i NFHR og kona Sofie, og hadde ein hyggelig lunch i lag med dei. Dei hadde 23 fjordingar og av dei tre hingstar. Dei hadde berre nytta frosen sæd dei ti siste åra og med godt resultat.

Ulrich farmen som vi kom til hadde 9 fjordingar, og blant dei den grå 23 år gamle Erlend. Erlend er ein sterkbygd hingst med eit godt rasepreg, han har føre, men litt korte bein og viste aktive gode rørsler under rytter. Han blir fortsatt brukt i avl på farmen og Debbie har tre hopper som ventar føl etter han til våren. Ho ville at vi skulle vurdere alle dyra og kva norsk hingst som passar dei ulike hoppene. Den hoppa som var av best kvalitet var Fjordgun ei dotter av Felix. Ho var av svært flott type med langlagd kropp og gode rørsler.




Oppholdet hos Debbie og Lute varte frå søndag kveld til onsdag morgon, og Debbie hadde laga til eit variert program for oppholdet. Vurdering av hestane, korleis manke hesten for å få fram det beste i den. Vi trefte veterinæren som dei nytta på farmen, som hadde planar om å legge inn embryo av den beste hoppa inseminert med Perakrossen på ei surrogathoppe.

Vi vart svært godt mottekne og vart innkvarterte i eige husvære i same hus som stallen, og vi fekk god bevertning. Eit populært innslag i besøket var køyring med snøscooter, og dei hadde tre stykke til disposisjon. Vi køyrde i løyper rundt om på den 600 mål store eigedomen.

Besøk på ein veterinær klinikk i nærheita av der Debbie Ulrich bur. Dei hadde god erfaring med å legge inn embryo på hoppe og hadde oppnådd gode resultat med det. Der var 20 hopper som dei nytta som surrogat mødre (avdanka travarhopper kjøpt for 200 $ pr. stk.) På klinikken var 6 hingstar klar for tapping og dei hadde mange hopper som skulle inseminerast av di trav oppdrettarar ynskte foling rett etter nytt år. Dette for at avkoma skulle ha beste forutsetningar for å starte i 2 års løpa.

Med på besøk hos familien Ulrich var også Dan Watanabe og kona Solveig. Dei kjem til Norge i mai og skal vere til stades på unghestskua i Førde og Breim i tillegg til hingsteutstillinga. Dei har planar om å kjøpe unghingst i Norge. Elles er det om lag ti personar frå USA som har planar om å kome til Norge og hingsteutstillinga. Då har vi klart ei oppgåve å ta oss av dei på ein god måte.





15.02.2010
Rideleir 2010
Det blir rideleir i juni og juli ved Norsk Fjordhestsenter sommaren 2010.

Leir 1: veke 25 21.- 25 juni
Leir 2 veke 26 27. juni - 02. juli
Leir 3: veke 27 04.-09. juli

Pris: Kr. 3.250,-
Som inkluderer overnatting, 3 daglige måltider, kursavgift, voksne ledere 24 t. døgnet.
Undervisning formiddag og ettermiddag i ridehall / utebane. Riding i terrenget. Aktiviteter på kveldene.




16.10.2009
FJORDHESTEN MED VIKTIG ROLLE I TYSK FILMINNSPELING.
Norsk Fjordhestsenter fekk førespurnad om å stille med 3-4 fjordhestar i ei tysk filminnspeling i Kalvåg. Vi reiste til Kalvåg for å få vite om kva oppdraget gjekk ut på og om vi kunne løyse det

Dette virka interessant og vi tok utfordringa på strak arm. Det er Studio Hamburg som produserer filmane , og filmen i Kalvåg var den første i ein serie som skal gå over heile Tyskland på den største tv- kanalen RTL. Budsjettramma på filmen er på 35 millionar, og kanalen reknar med eit sjåar tal på 12 millionar. Det tyske folk er svært fasinert av den norske naturen med fjord og fjell , og tv- seriar innspelt i slike omgjevnadar har blitt ein trend. Denne filminnspelinga kan samanliknast med vår norske serie Himmelblå.

Siste veka i juni reiste vi med 7 fjordingar derav to føl til Kalvåg og filminnspeling. Det var lange dagar med filming og hestane skulle være i kulissane heile tida. Alle scener vart filma frå minst tre kantar og dette var utfordrande for oss. Det meste av filminga føregjekk på gamle Smørhavn Handelsstad , men det var og opptak på Grotlesanden. Totalt blei det 8 dagar med filminnspeling ,og konklusjonen frå dei tyske filmfolka var at dei var svært nøgde med innsatsen til fjordhestane. Hestane og det unike landskapet danna ei flott ramme rundt innspelinga.

Når ein veit at serien kan få få eit sjåartal på 12 millionar, er dette svært god marknadsføring av Fjordhesten. Det er planar om filminnspeling i Norge i 2010 og då skal filminnspelinga vere ved ei stavkyrkje.Truleg blir Fjordhesten då og med som aktør som representant for det urnorske.











15.10.2009
AMERIKABESØK PÅ NORSK FJORDHESTSENTER
Ei gruppe på 30 personar frå USA besøkte Norsk Fjordhestsenter 28. August .Dei var på ein 10 dagars tur som starta på austlandet med besøk på museum, gamle gardar og stavkyrkjer. Eit av måla for turen var å få oppleve den norske treskjeringskulturen . Reiseledar for turen var Phil Odden, og han er ein av dei fremste treskjerarane i USA. Svært mange i gruppa var opptekne av fjordhesten og hadde sjølv mange fjordingar. Vi har gjennom fleire år hatt kontakt med Phil Odden angåande samarbeid om semineksport, og besøket på Norsk Fjordhestsenter gav oss ei fin muligheit å presentere semintilbodet.

Vi hadde på førehand planlagt eit 3 timarsprogram med informasjon om NFHS, omvisning,køyre og ride oppvisning og presentasjon av avlsdyr.
Styreleiar Kristen Hundeide og dagleg leiar Jostein Vonheim ynskte velkomen, og ein starta med omvisning i seminstasjonen. Jostein, Kristen og stasjonsveterinær Torbjørn Nes Hjelle informerte om drifta, eksport og svarte på spørsmål frå dei besøkande.

Det var omvisning i stallen og ein viste fram skulehestane. Det er stor interesse for alle fargevariantar på fjordingen i USA ,og vi hadde eksemplar av alle bortsett frå gulblakk.
Norsk Fjordhestsenter er så heldige at vi har oppstalla Norges- meisteren for fjordhest samanlagt nemleg Faun Prins . Brukar av hesten er Annifrid Ueland og ho reid eit dressurprogram i ridehallen for amerikanarane. Sølvvinnar i NM var senteret sin skulehest Monifax (tidlegare kåra) utleigd til folkehøgskuleeleven Beate Hausken. Ho viste hesten i eit dressurkøyringsprogram. Gull og sølv vinnarane innfridde med sine program, og dei amerikanske var imponerte.
Seminsesongen er over, men vi hadde to avlshingstar å presentere. Linje skaparen Fjølestaen som står for det solide og sterke i norsk avl og som det har vore stor interesse for i USA, vart først mønstra og seinare vist laus i hallen. Vi hadde laga til info om stamme, resultat frå test, eksteriørvurdering, premiering og avkom. Den andre hingsten vi presenterte var 3-åringen Uno, som er svært ulik førstnemde Fjølestaen.Uno er lettbygd, av svært god type og med flott utstråling. Han er smalbygd, men med god opptrening har han høve til å utvikle seg godt. Ei av dei amerikanske oppdrettarane var svært interessert i å kjøpe han, og vi har dialog om å sende frosen sæd etter han no i første omgang.
Vi viste ei gruppe ungdyr etter Perakrossen, som har vore seminhingst to føregåande sesongar, og som vi har nedfrose sæd av til USA eksport. Det var to åringshopper, to hingsteføl og eit merraføl. Amerikanarane og deriblant Phil Odden syntest det var god ei god gruppe med høgstilte, lettbygde med gode kroppar, korrekte bein og bevegelsar. Det danna eit godt grunnlag for å sei kor avlssikkerheita til Perakrossen er.

Som avslutning på programmet til det svært entusiastiske publikumet vårt hadde vi eit innslag med ein ridande felespelar, Egil Syversbråten. Amerikanarane set stor pris på folklore.
Det var høve til å ri for dei som ønskte det, og det var høve å kjøpe fjordhest effekter.Phil Odden sa at han ville komme med ei ny gruppe i aug. 2010.











01.06.2009
Seminhingst 2009


UNO N-06-2645
Fotograf: Kjersti Nerbråten


Uno står til avlsteneste på Norsk Fjordhestsenter.Han blei kåra på Eid 9.mai og er ein lettbygd hingst av svært god type og har svært godt fjordhestpreg.Vakkert hovud, langlagd kropp med lang velforma hals.Ledige rørsler .Uno fekk eksteriørpoenga 9878 8.
Stamtavla til Uno er sterk med 1.pr hingsten Ljosprins til far.I hans linje finst typesterke hingstar som Felix, Ljos Ninn og Haugjo.Mora Larstun Sanna er av god hoppeslekt og i stamma kan ein blant anna nemne Heidi og Fjellmøy.

Linker til: Dommerkort - Oppføring i hingstekatalogen


Fotograf: Fam Gjøringbø


Les mer om semin og seminhingstene her



01.02.2009
Seminhingst 2009




RONNJO N-04-2661

Ronnjo er ein fem år gammal hingst som har svært gode utstillingsresultat å vise til.Han var nummer to av tre-åringane på hingsteutstillinga i 2007, og i 2008 var han nr. 1 i kvalitet og fekk 2.premie i mellomklassa. Han gjennomførde ei svært god utvida bruksprøve med 361 poeng som gav ein vekta karakter på 8.6, og han fekk blant anna 10 poeng på arb.køyring,køyring i trafikk ,åtferd på stall og lynne.Eksteriørpoenga var gode 9989-9 (sjå dommarkort).
Ronnjo er ein svært vakker hingst og er av svært god type,har velansatt hals med god nakke og skulder,elles harmonisk kropp.Rørslene er ledige og svært gode.Mor er Daysy og mor til fire premierte hingstar,av dei tre med 2.pr. og ein med 3.pr og ho har og høgt premierte døtre.Far til Ronnjo er Mykletind som er 1.premiert og kåra i tre land.I neste ledd på stamtavla er Fjølestaen , etter Luntor Vital og begge desse har gjort seg sterkt gjeldande i avlen.

Linker til: Dommerkort - Resultat for utvida Bruksprøve - Oppføring i hingstekatalogen


Klikk på bildene for å se dem i stort format. Fotograf: Ingvild N. Sveen



01.06.2008
SEMINHINGSTAR PÅ NORSK FJORDHESTSENTER 2008
.

Merinas Emil N-05-2627
Linker til: Dommerkort - Oppføring i hingstekatalogen


Klikk på bildene for å se dem i stort format. Fotograf: Ingvild N. Sveen


Perakrossen N-04-2657
Linker til: Dommerkort - Resultat utvida bruksprøve - oppføring i hingstekatalogen
Klikk på bildene for å se dem i stort format. Fotograf: Ingvild N. Sveen




09.12.2007
Prisløna fotograf med fokus på fjordhesten
Den engelske fotografen Tim Flach reiser verda rundt for å fotografere ulike hesterasar. Han har vore i Mongolia, Kenya, Usa, Island, Russland, India, Frankrike før han no er på Nordfjordeid.

Første turen hit var i midten av september då han var rundt om på ulike stadar for å finne dei perfekte lokalitetane for fotograferinga. Valet fall på Heggjadalen. No er han tilbake for å utføre jobben, og får god hjelp av dei tilsette ved fjordhestsenteret.

Grunnen til at Tim Flach reiser verda rundt er at han er engasjert av eit forlag frå New Zealand om å lage ei bok om dei ulike hesterasane. Fotograferinga så langt har gjeve mykje medieomtale, og fjernsynskanalen Discoverys Animal Planet er ein av dei som følgjer arbeidet til Tim Flach. Han er genuint interessert i dyr generelt og spesielt hestar. Han legg mykje tid og krefter i å få mest mogleg ekte bilete, noko bileta på heimesida hans er døme på. Det er svært viktig for Tim at det er i Norge og på Vestlandet at bileta av fjordhesten blir tekne.

Det er nytta tre hestar i fotograferinga, og Norsk fjordhestsenter sin avlshingst Perakrossen er sjølvsagt ein av dei. Han var spiss på hingsteutstillinga mai-07, og fekk god omtale på grunn av sitt gode fjordhestpreg. Elles er det to hopper med i fotoseansen. Det er veldig interessant å vere med på fotoprosjektet og å sjå korleis fotografen arbeider. Det blir svært spennande å sjå bileta som Tim tek i den storslåtte naturen i Heggjadalen. Resultatet av to dagars intensiv fotografering blir 4-5 bilde som blir med i boka til Tim Flach. Boka kjem ut i oktober 2008.
Norsk fjordhestsenter får løyve til å bruke bileta på sine heimesider og i marknadsføringa si.










08.12.2007
SEMINHINGSTAR PÅ NORSK FJORDHESTSENTER 2008
Under føresetnad av at hingstane vert kåra under hingsteutstillinga på Eid-08, skal hingstane Perakrossen og Merinas Emil stå til avlsteneste på seminstasjonen på Nordfjordeid sesongen 2008.

Merinas Emil
(klikk på bildet for å se det i større format)

Perakrossen
(klikk på bildet for å se det i større format)

Perakrossen N-04-2657 var seminhingst i 2007, og var populær blant anna på grunn av si stamtavle som er litt utanom dei vanlegaste slektene. Han har Pera Gut som far og mor er Myklekrossa som er etter Myklestaden.

Pera krossen var nr.1 i kvalitet som 3-åring i 2007. Han fekk svært gode karakterar 98888 og 9 på bruksegenskapar, lynne og veterinære anmerkningar. Omtalen var oppsynt hingst av svært god type, pent hovud. Harmonisk og god kropp.Velstilte tørre og gode bein. Ledige taktfaste rørsler.
Mål: 148-157-177-20-7,5

Merinas Emil har vi leigt for sesongen 2008 om den blir kåra. Den er etter Knapstaprinsen under Merina etter Sylvstein. Knapstadprinsen var spiss som 3-åring, Merina i kvalitet som 3-års og Sylvstein var 1.premiehingst.

Merinas Emil var nr.1 i kvalitet og Dagens hest på unghestskuet på Breim våren 07. Han fekk karakterane 99888 og omtalen var oppsynt, vakker av svært god type. Harmonisk og sterkbygd kropp. Tørre føre,velstilte bein. gode rørsler, spesielt i trav.

Les mer om semin her





20.05.2007
ÅPNING AV SEMINSTASJON OG NY RIDEHALL
Torsdag 3. mai 2007 åpnet offisielt den nye seminstasjonen for fjordhest på Norsk Fjordhestsenter. Samtidig ble den ny ridehallen på Norsk Fjordhestsenter også åpnet.

1. september 2006 stod den nye ridehallen på 20 x 40m klar til bruk, men den ofisielle åpningen av ridehallen var samtidig med åpningen av seminstasjonen 3 mai 2007. Ridehallen er finansiert av et lån fra Fjordane Folkehøgskule samt forskutterte spillemidler fra kommunen, mens seminstasjonen er fullt ut finansiert av Fjordhestsenteret. De to byggene har en samlet kostnadsramme på 5,2 millioner kroner. Det er søkt om statlig støtte for seminstasjonen, men det er enda ikke avgjort om søknaden vi bli innvilget.

Onsdag 2. mai var undertegnede på omvisning på seminstasjonen samt vitne til tapping av hingsten Krogs Balder. Bildene fra denne seansen og bilder fra åpningen av seminstasjon/ridehall finner du her.

Les mer om semin her

Ellers kommer det en fyldig artikkel om seminstasjonen i neste "Fjordhesten", Norges Fjordhestlags medlemsblad





19.05.2007
SEMINHINGST 2007
Perakrossen er den andre av to hingstar som skal stå i avlsteneste på seminstasjonen ved Norsk fjordhestsenter sesongen 2007.

Hingsten stod som nr. 1 i kvalitet som 3-åring ved utstillinga på Eid i 2007. Han fikk meget gode karakterer 8999 hvorav 9 på rasetype og preg, 9 på bruksegenskaper og 9 på lynne og veterinære anm. Omtalen var som følger: Oppsynt hingst av meget god type. Pent hode. Harmonisk og god kroppsbygning. Velstilte, tørre og gode bein. Ledige, taktfaste bevegelser. Mål: 148-145-157-177-20-7,5

Perakrossen er etter Pera Gut og under Myklekrossa e. Myklestaden.

Link til dommerkort 2007

Les mer om semin her



01.03.2007
UTVIDA BRUKSPRØVER FOR FJORDHEST 2007
Oppstart av utvida bruksprøve vil bli på Norsk fjordhestsenter mandag 26.mars. Frammøte vil bli søndag 25.mars der alle hingstane skal visast i køyring mellom kl.14.00 og 18.00. I år er det 9 hingstar som har meldt frå om at dei møter til prøva, det er ein 5-åring og åtte 4-åringar. Her er lista over hingstane:

1 Torsetblakken N-02-2617 eig Sunnfjord fjordhestlag
2 Heirumsblakken N-03-2541 Ronny Ove Smedsmo
3 Fattnes Jonas N-03-2659 Kvinnherad og I.Ryfylke fj.hestlag
4 Lunner Per N-03-2611 Kristian Bakken
5 Skråruds Gråtass N-03-2505 Anja I. Midtbø
6 Solli Gråen N-03-2569 Ørsta og Volda fj.hestlag
7 Jupiter Skovå 03-667 Sigmund Nesvik
8 Elvar N-03-2511 Hilde D.Fladby
9 Vier Rane N-03-2735 Hans E.Stendal


Hingstane skal gjennom ein 5-vekers test der eksamensdag blir torsdag 3.mai. Hingstane skal skal testast i køyring og ridning der framferd, kapasitet og utvikling blir vurdert. Lynnet,bevegelsar og viljen til samarbeid blir vektlagt. Formålet med testen er å registrere visse arvbare eigenskapar under så like forhold som mogleg. Knut Karlsen er den som har ansvaret for gjennomføringa av testen.





01.02.2007
SEMINHINGST 2007
Rudsmo Råssar er den eine av to hingstar som skal stå i avlsteneste på seminstasjonen ved Norsk fjordhestsenter sesongen 2007.

Hingsten har i utstillingssamanheng greidd det få hingstar har gjort før han nemleg å stå som nr.1 i kvalitet både som 3- og 4-åring. Han hadde ei svært god utvida bruksprøve med 353 poeng som gav ein vekta karakter på 8,4. Dette plasserte hingsten som nr. 2 blant dei 7 testa hingstane i 2006.
På hingsteutstellinga på Nordfjordeid i 2006 fekk han dei gode poenga 9988 og 9 for eksteriør og rørsler med slik omtale: Langlagd hingst med meget godt preg og kropp. Lite overbein h.f, elles føre velstilte bein. Godt skritt og ledig trav. Mål:146-146-156-180-22.0-7.9
Rudsmo Råssar har ei spennande stamtavle med 1.pr hingsten Dalargutt som far og Rossmann som morfar, og han har difor gjeve ein del raudblakke føl. Føla etter han har fått gode omtale og er av svært god kvalitet.

Link til dommerkort 2006
Link til dommerkort 2005
Link til resultater utvida bruksprøve



Les mer om semin her



01.10.2006
DOBBEL RIDEHALLKAPASITET
AS Norsk Fjordhestsenter har fått dobla ridehallhallkapasitet. Ved skulestart 1. sep. 2006 stod ein splitter ny ridehall på 20 x 40 m klar til bruk.



Ny ridehall ved Norsk fjordhestsenter vart teken i bruk 1. september 06. Kapasiteten i den gamle hallen var heilt sprengd på grunn av den store aktiviteten til Fjordane folkehøgskule og det stadig aukande hestetal i Eid. I dag er det 62 hestar oppstalla ved Norsk Fjordhestsenter som til dagleg er brukarar av ridehallen og anlegget ved Fjordhestsenteret.

Det var difor svært gledelig at den nye hallen stod klar til skulestart i haust. Hallen har måla 20mx40m og er bygd saman med den gamle hallen. Ein kan då ha ei bane på 20mx60m, eller ha undervisning med to grupper i kvar sin hall samtidig. Forholda skal difor ligge til rette for ein stor aktivitet ved senteret.

Det har vore eit tett samarbeid med Fjordane folkehøgskule om finansiering av den nye ridehallen. Fjordane Folkehøgskule er den største brukaren av anlegget til Norsk Fjordhestsenter og har i skuleåret 06 / 07 60 elevar på hestelinje fordelt med 50 elevar på første året og 10 elevar som går andre året. folkehøgskulen har forskottert spelemidlane vi får når vi kjem i prioritet.

Brukargruppene er svært godt fornøgde med den nye hallen og muligheitene den har gjeve hestemiljøet i Eid.
Alle som har hest oppstalla ved Fjordhestsenteret får bruke hallane fritt på ledig tid, ( normalt etter kl. 16.00 og fram til kl. 21.00 )
Andre hesteeigarar som ynskjer å nytte hallen kan kjøpe hallkort for ein månad om gongen eller lenger.



N-6770 Nordfjordeid
tlf: (+47) 57 86 48 00 
fax: 57 86 48 01

fjordhest.senter@c2i.net