SEMINHINGST 2007
Rudsmo Råssar er den eine av to hingstar som skal stå i avlsteneste på seminstasjonen ved Norsk fjordhestsenter sesongen 2007. Les mer her
UTVIDA BRUKSPRØVER FOR FJORDHEST 2007
Oppstart av utvida bruksprøve vil bli på Norsk fjordhestsenter mandag 26.mars. Frammøte vil bli søndag 25.mars der alle hingstane skal visast i køyring mellom kl.14.00 og 18.00. I år er det 9 hingstar som har meldt frå om at dei møter til prøva, det er ein 5-åring og åtte 4-åringar. Her er lista over hingstane:
| 1 |
Torsetblakken |
N-02-2617 |
eig Sunnfjord fjordhestlag |
| 2 |
Heirumsblakken |
N-03-2541 |
Ronny Ove Smedsmo |
| 3 |
Fattnes Jonas |
N-03-2659 |
Kvinnherad og I.Ryfylke fj.hestlag |
| 4 |
Lunner Per |
N-03-2611 |
Kristian Bakken |
| 5 |
Skråruds Gråtass |
N-03-2505 |
Anja I. Midtbø |
| 6 |
Solli Gråen |
N-03-2569 |
Ørsta og Volda fj.hestlag |
| 7 |
Jupiter Skovå |
03-667 |
Sigmund Nesvik |
| 8 |
Elvar |
N-03-2511 |
Hilde D.Fladby |
| 9 |
Vier Rane |
N-03-2735 |
Hans E.Stendal |
Hingstane skal gjennom ein 5-vekers test der eksamensdag blir torsdag 3.mai. Hingstane skal skal testast i køyring og ridning der framferd, kapasitet og utvikling blir vurdert. Lynnet,bevegelsar og viljen til samarbeid blir vektlagt. Formålet med testen er å registrere visse arvbare eigenskapar under så like forhold som mogleg. Knut Karlsen er den som har ansvaret for gjennomføringa av testen.
AS Norsk Fjordhestsenter har fått dobla ridehallhallkapasitet. Ved skulestart 1. sep. 2006 stod ein splitter ny ridehall på 20 x 40 m klar til bruk.
Ny ridehall ved Norsk fjordhestsenter vart teken i bruk 1. september 06. Kapasiteten i den gamle hallen var heilt sprengd på grunn av den store aktiviteten til Fjordane folkehøgskule og det stadig aukande hestetal i Eid.
I dag er det 62 hestar oppstalla ved Norsk Fjordhestsenter som til dagleg er brukarar av ridehallen og anlegget ved Fjordhestsenteret.
Det var difor svært gledelig at den nye hallen stod klar til skulestart i haust. Hallen har måla 20mx40m og er bygd saman med den gamle hallen. Ein kan då ha ei bane på 20mx60m, eller ha undervisning med to grupper i kvar sin hall samtidig. Forholda skal difor ligge til rette for ein stor aktivitet ved senteret.
Det har vore eit tett samarbeid med Fjordane folkehøgskule om finansiering av den nye ridehallen. Fjordane Folkehøgskule er den største brukaren av anlegget til Norsk Fjordhestsenter og har i skuleåret 06 / 07 60 elevar på hestelinje fordelt med 50 elevar på første året og 10 elevar som går andre året. folkehøgskulen har forskottert spelemidlane vi får når vi kjem i prioritet.
Brukargruppene er svært godt fornøgde med den nye hallen og muligheitene den har gjeve hestemiljøet i Eid.
Alle som har hest oppstalla ved Fjordhestsenteret får bruke hallane fritt på ledig tid, ( normalt etter kl. 16.00 og fram til kl. 21.00 )
Andre hesteeigarar som ynskjer å nytte hallen kan kjøpe hallkort for ein månad om gongen eller lenger.
N-6770 Nordfjordeid
tlf: (+47) 57 86 48 00
fax: 57 86 48 01
fjordhest.senter@c2i.net
|