Norsk Fjordhestsenter
Norsk Fjordhestsenter
Om fjordhesten
Aktiviteter
Fjellturer
Hytteutleie
Kurs/Rideskole
Rideleir
Semin
Utstillinger
Lenkjer
Kontakt
Hovedsiden

 
 

Om Fjordhesten


FJORDHESTEN SINE SÆREIGNE KJENNETEIKN

På grunn av sin isolasjon gjennom hundreåra (og lengre enn det), med liten innblanding frå andre hesterasar, har fjordhesten behalde mange av dei ‘primitive’ teikna ein elles berre forbinder med ville hesterasar. Fjordhesten har sju slike urteikn:

Midtstol: Den mørke stripa midt gjennom mana. (1)

Ål/Halefjør : Den mørke stripa langsetter midten av ryggen. (2)

Sebrastriper: Mørke, tverrgåande striper striper på beina. (3)

Njålsmerke: Mørk, brun eller svart, flekk på kjeven.

Mørke øyretippar: Mørk kant langs spissen av øyrene. (4)

Grep: Mørk stripe over manken (sjeldan).



FARGANE TIL FJORDHESTEN.
Dei aller fleste fjordingar er blakke av farge, fire blakk-variantar finst: Brunblakk, Raudblakk, Ulsblakk og Gulblakk. I tillegg er grå ein vanleg farge.

HISTORIKK
Sannsynlegvis stammar den norske nasjonalskatten, Fjordhesten, frå steppene i Midt Asia. Forfaren var truleg den mongolske villhesten (Przewalskij hesten), men vi veit at dagens fjording er resultatet av meir enn 2000 års vestlandsk temjing og avl.

Takka vere plassering på vestsida av dei norske langfjella, som virka som vern frå innblanding av blod frå andre rasar, har fjordhesten kanskje i større grad enn nokon annan tamhest, behalde mange av trekka frå den opphavlege villhesten. Dette er i seg sjølv eit lite paradoks, for gjennom dei siste 1.500 åra har ingen hatt meir kontakt med utlandet enn nettopp folket langs kysten.

For vikingane var fjordhesten ein høgt verdsett alliert. Dei brukte den til framkomstmiddel, til å trekke skip, og dei brukte den til underhaldning. Vikingane rei i krig på fjordingen, og heilt fram til 1980-talet nytta forsvaret fjordingen i si teneste. Ei arv frå vikingane vi framleis nyttar, er å klippe mana slik at den blir ‘ståande’ og også framhevar formen på halsen.

Gjennom slutten av det 19. og byrjinga av det 20. hundreåret vart ein kraftigare hest avla fram for å trekke dei nye, tunge landbruksmaskinene. Dagens fjordhest er igjen blitt slankare, og liknar nok meir på den historiske fjordhesten.