Norsk Fjordhestsenter
Norsk Fjordhestsenter
Om fjordhesten
Aktiviteter
Fjellturer
Hytteutleie
Kurs/Rideskole
Rideleir
Semin
Utstillinger
Lenkjer
Kontakt
Hovedsiden

 
 

Aktiviteter ved senteret



HINGSTEUTSTILLINGA
Sidan 1886 har statens hingsteutstilling for fjordhestar vore halde på Nordfjordeid. Utstillinga har utvikla seg til ei internasjonal hending, med tilreisande frå fleire land.
HYTTEUTLEIGE
Utleigehytter med strålande utsikt kan leigast hos Norsk Fjordhestsenter. Hyttene har to soverom med sengeplass til fem og seks, stove, kjøkkenkrok og bad med dusj.

FJORDANE FOLKEHØGSKULE
Frå september til midten av mai har Fjordane Folkehøgskule si hestelinje undervisning ved Norsk Fjordhestsenter. Folkehøgskulen leiger anlegg og hestar frå Norsk Fjordhestsenter, og i overkant av 50 elevar får kvar dag ei allsidig undervisning i hestehald og bruk. Pensum spenner frå forskjellige rideaktivitetar (inkludert dressur, sprang, oppvisning og terapiridning), køyring med vogn, ernæring og avlslære og sjølvsagt teori innan dei fleste hesteemner.

RIDELEIR
Ungdom og hest er ein god kombinasjon! Gjennom sommaren arrangerer vi fleire vekeslange rideleirar for ungdom. Her lærer elevane å behandle ein hest, dei får teoretisk opplæring, og sjølvsagt trening i riding, hopping og litt voltige.

FJELLTUR
Kvar sommar arrangerer Norsk Fjordhestsenter rideturar i fjellet. Vi tilbyr turar på ein time eller to, over ein halv dag eller dagsturar. I vestlandsnaturen kan du oppleve fjordhesten i sitt rette
naturlege element.