Bli med på aktivitetar
Norsk Fjordhestsenter rideturar i fjellet og andre opplevingar med hest. I vestlandsnaturen kan du oppleve fjordhesten i sitt rette naturlege element. I tillegg er det korte turar, omvisingar ved Norsk Fjordhestsenter og ridetimar i ridehallen. Alle er velkomne innom for ein hesteprat og for å sjå på anlegget. Aktiviteten vil variere alt etter kor mange hestar som er på beite og andre oppgåver ved senteret.
Hovudsesongen er sommar frå 1. juni til 15. august, men vi legg ut aktivitetar gjennom heile året dersom vi har kapasitet.
Book her
Dagleirar
Norsk Fjordhestsenter arrangerar dagleir for born og ungdom i nokre feriar. Dagleiren vil vere måndag-fredag kl. 10-15. I løpet av desse dagane vil det mellom anna vere aktivitetar som:
- Riding på bane og tur
- Voltige
- Stell av hest
- Stallarbeid
- Teori
Tidspunkt vert lagt ut når dette er klart.
Omvisingar og aktivitetar for grupper
For grupper kan vi skreddarsy opplegg og tilpasse tidspunkt.
Aktuelle aktivitetar:
Presentasjon av fjordhesten og omvising på Norsk Fjordhestsenter.
Stell og riding
Bestill på førehand på booking@norsk-fjordhestsenter.no eller på telefon 57 86 48 00. Norsk Fjordhestsenter tilbyr også skysskøyring med fjordhest, tek imot grupper og skreddarsyr andre aktivitetar. Ta kontakt for ledige datoar og prisar.