Siri Endal vert leiar ved fjordhestsenteret

Siri Endal frå Nordfjordeid har takka ja til stillinga som dagleg leiar ved Norsk Fjordhestsenter, og tek til i jobben i slutten av mai. Ho har brei hestefagleg bakgrunn og kjenner aktiviteten ved senteret godt heilt frå oppveksten.

Endal er i dag lærar ved Fjordane folkehøgskule og gler seg til å starte i jobben som dagleg leiar på Norsk Fjordhestsenter.

- Det er mange dyktige personar med stor kunnskap om fjordhesten som jobbar på Norsk Fjordhestsenter, og eg gler meg til å ta fatt på oppgåvene saman med dei og styret ved senteret. Eg veit at det er mange store utfordringar som ventar, mellom anna å fortsette arbeidet med å skaffe finansiering til oppgraderingsarbeidet av senteret, men eg er veldig motivert til å ta fatt på oppgåvene og jobben med å fremje det nasjonale senteret for fjordhesten, seier ho, og fortel at fjordhesten er hesterasen som står hjartet hennar nærast.

Fjordhesten er ein heilt spesiell rase, med ein utsjånad og eigenskapar som skil dei frå dei fleste andre hesterasar. Endal ønskjer at flest mogleg skal oppdage gleda med å få vere med fjordhesten, og vil at folk skal kjenne at Fjordhestsenteret er ein stad dei er velkomne og har lyst å vere. Ho kjenner senteret godt og det var også her ho starta arbeidslivet heilt tilbake i 1995, med mange ulike arbeidsoppgåver. Alt frå turistriding og rideleir, til stallarbeid og avlsarbeid med hingstar og hopper som har ho vore innom.

- Åra på Norsk Fjordhestsenter var på mange måtar med på å definere kven eg vart som person, og kva eg har valt å jobbe med som vaksen. Ei glødande interesse for fjordhesten vart tidleg tend, og den har berre vekst seg sterkare med åra, seier fjordhestentusiasten. 

Endal har brei hestefagleg bakgrunn, utdanning som både ride- og køyrelærar frå Norsk Hestefagskole og lang erfaring med å jobbe innafor dei fleste områda med hest.

- Her får vi ein leiar med god kjennskap til senteret frå før, som har vore aktiv både innanfor avl, bruk og utstilling av fjordhesten, seier styreleiar Eli Førde Aarskog. Aarskog er glad for at senteret har fått med seg ein dagleg leiar med god forankring i fjordhestmiljøet og god kjennskap til all den aktiviteten som er knytt til Norsk Fjordhestsenter. Senteret skal arbeide vidare med å styrke posisjonen som nasjonalt senter for fjordhesten, og folk skal kjenne seg trygge på at dei får gode råd og hjelp dersom dei treng det.