Unghestskule 2022

Unghestskulen startar opp igjen i oktober!

 

Norsk Fjordhestsenter arrangerar tre samlingar med unghestskule før jul. Den første samlinga vert onsdag 19.oktober kl. 18.30. Då vert det slepp av unghestar i tilpassa grupper først, deretter kort innføring om mønstring av hest på utstilling etterfulgt av leietrening. Det vert også måling, manking av fjordhest og vurdering av hald med tanke på fôring. 

 

Alle hestar til og med 3 år er velkomne. 

 

Her kan du lese meir:

https://www.deltager.no/event/unghestskulen_2022