Seminhingstar 2020

Norsk Fjordhestsenter tilbyr i 2020 semin frå hingstane Birkelid Tullen og Myras Monrad.

Birkelid Tullen

Birkelid Tullen er ein snart 6 år gammal hingst med godt hingstepreg, framifrå lynne og svært gode brukeigenskapar. Omtalen frå utstillinga i 2018 var: Høgstilt, maskulin hingst av meget god type. Pent hovud. Velansatt og velforma hals. God skulder. Godt vinkla kryss. Velstilte, føre bein. Gode høver. Vegvinnande, ledige, taktfaste rørsler med god innundergripen. Han fekk 1.premie og vart stilt som nr. 2 i kvalitet.

På utvida bruksprøve gjorde han ein framifrå test som nummer ein av åtte hingstar, og fekk karakteren 9 for brukseigenskapar.
Laushopping: God taksasjon og kapasitet. God bydning, men uforsiktig og hastig.
Riding: Taktfast skritt. Rommelig galopp. Godt ridbar. Mykje energi.
Terrengprøva: Tilpassar seg terrenget godt og i køyring: Stødig hest med meget god tilpasningsevne.
Helsekarakter 9.
Stangmål manke 145,5 cm, bandmål 155 cm. Brystmål 175 cm, pipeomkets 20 og klavemål 7,2.

Birkelidtullen har 15 avkom og mange av har fine resultat frå unghestskue. Eit av avkoma fødd i 2019 er grått, og difor er Birkelidtullen svært interessann for dei som ønskjer denne fargen.

Stamtavla til Birkelid Tullen er solid, og han har mange individ bakover med høgste premiegrad. Mora er Birkelid Tulla etter Torsetblakken under Birkelid Monja etter Helgfin. Far er Kornvin Freidig etter Fredrik Skovå. Alle desse individa med 1.premie. Birkelid Tullen blir på seminstasjonen frå hingsteutstillinga til midten av juli. Det blir inseminering på stasjon og vi sender fersksæd over heile landet. Vi har enda ikkje teke stilling til om vi skal ha karantene for sending utanlands.

 

Her finn du info om stamme og bedømming.

Myras Monrad

Norges Fjordhestlag har i samarbeid med Norsk Fjordhestsenter leigd inn hingsten Myras Monrad for avlssesongen 2020.

Myras Monrad er ein fire år gammal hingst e. Nytuns Heiden u. Myrtussa ue. Luntor Vital. Han er ein velbygd hingst med godt hingstepreg. Han har ein harmonisk kropp med velforma hals, god nakke og markert manke. Beina er føre og velstilte, og han har gode vinklar i bakparten. Rørslene er taktfaste og aktive. Myras Monrad har eit godt lynne og er ein positiv hingst i all handtering. Hingsten måler 144 cm i stangmål, 22 cm i pipeomkrets og 7,5 cm i klavemål.

Norges Fjordhestlag har i 2020 vedteke å nytte avlsmidlar til å leige inn ein hingst som kan bidra med ein spesiell stamme og farge til populasjonen. Dette er gjort i samarbeid med Norsk Fjordhestsenter og seminstasjonen, slik at vi kan tilby hingsten til hoppeeigarar over heile landet.

Grunnen til at vi har vald Myras Monrad er at han har ei stamme som er utanom dei mest brukte i landet. Far er avdøde Nytuns Heiden etter Solli Gråen. Morssida til Myras Monrad er av ei lite brukt hoppelinje. Myras Monrad er fargetesta som viser at han kan gje grå avkom.

Myras Monrad blir på seminstasjonen til 01.07 og vil deretter gå i slepp i Romsdalen i regi av Søre Romsdal Fjordhestlag. Hopper som kjem til seminstasjonen eller blir med i sleppet vert subsidierte av avlsmidlane med ein prisreduksjon på kr. 1000 i bedekningsavgift.

Her finn du info om stamme og bedømming.

Oversikt over tilgjengelege kåra fjordhesthingstar finn du i Norges Fjordhestlag sin hingstekatalog.