Smitteverninformasjon

Det er svært viktig at alle held seg oppdatert og følgjer gjeldande regler og anbefalingar for smittevern gjeve av offentlege helsestyresmakter og reglar ved Norsk Fjordhestsenter.

For å hindre smittespreiing har vi plassert seminhestar i eige område og auka reinhald på heile anlegget. Spesielt kontaktflater og toalett/ garderobe.

Besøkande må passe på følgjande:

  • Vask hender ved ankomst og avreise. Dersom de ikkje har med handsprit sjølv er det mogeleg å vaske seg på toaletta.
  • Avgrens tal personar som følgjer hestane.
  • Hald avstand og følg smitteråda frå FHI.
  • Unngå så langt det er mogleg å ta på dørhandtak og andre kontaktflater. Desinfiser fellesutstyr du brukar etter bruk. T.d. handtak på møkkagreip. Middel til desinfisering skal stå lett tilgjengeleg i ridehuset og stallen.
  • Ikkje gå unødig rundt i stallen og ridehuset.

Personar som er har symptom på luftvegsinfeksjon, som feber, sår hals, rennande nase, hoste eller nedsett allmenntilstand, har påvist smitte eller er i karantene har ikkje adgang til Norsk Fjordhestsenter.