Fritidsklubb i stallen

Vil du lære meir om korleis det er å ha sin eigen hest?  Går du i 4. - 7. klasse er du hjarteleg velkommen til fritidsklubb i stallen med undervisning i hest! 

Norsk Fjordhestsenter kan med midlar frå Sparebanken Vest gje tilbod om fritidsklubb onsdagar frå skuleslutt til kl.15.00. Du kan kome mellom kl.11.00 - 11.30.

Første onsdagen er 23.januar, og vi vil halde på 10 onsdagar (fri i vinterferien) med siste dag 3.april. Du vil lære mykje om handtering av hestar, stallarbeid og riding.