Reglar for bruk av ridehallar og utebane
Vis omsyn |
Passering av møtande ryttar skal alltid skje venstre hand mot venstre hand. Ikkje «parker» på frikantsporet. Lei/ skritt ned innanfor firkantsporet. |
Rydd opp |
Sett hindermateriell tilbake på plass rett etter bruk. Fjern møkk rett etter kvar økt! Bruk bøttene i hjørna av hallane. Private ryttarar skal alltid fjerne møkk etter sin hest rett etter ein er ferdig med ridinga. Fjern møkk etter din hest på tunet og parkeringsplass. |
For å ha tilgang til bruk av ridehallane skal brukarane ha gyldig hallkort/ klippekort. Hallkort får ein ved å kontakte Norsk Fjordhestsenter (post@norsk-fjordhestsenter.no). Hallkort er inkludert for dei som er oppstalla ved senteret.
Det er ikkje lov til å longere eller laushoppe hestar utan nærare avtale med Norsk Fjordhestsenter.
Instruktør skal alltid vere til stades ved sprangriding. Alle instruktørar skal ha avtale med Norsk Fjordhestsenter.
Hundar har ikkje tilgjenge i ridebana. Det er bandtvang på heile senteret heile året!
Musikkanlegget skal berre nyttast etter avtale, og skal alltid låsast inn etter bruk.
Eigar/ brukar må erstatte skade på utstyr/inventar.
Ridehallane og stallen stenger kl. 22.00. Etter dette tidspunkt er det ikkje lov å opphalde seg/drive med aktivitet der eller i stallen.